av Ranveig Tveitnes 9. januar 2011 kl. 09:54
Dagen har kommet, og for en dag! Solen skinner, det er varmt med en deilig bris. Salva Kiir avga sin stemme klokka 0800 ved stemmestasjonen ved John Garang’s Memorial site. Køene for å stemme er uendelig lang. Folk står helt rolig og flytter seg sakte men sikkert i slynge etter slynge mot det endelige målet – stemmegivning og Free at Last!
Det var mange av oss som fikk både klump i halsen og en tåre i øyekroken ved den offisielle åpningen. Dette er så uendelig stort for alle Sør-Sudanere som har opplevd ti-år med krig, et liv i flyktningeleire, sult, sykdom og undertrykkelse. Tenk å få stemme over framtida for landet sitt! Jeg tror ikke noen av oss kan forstå hvor stort dette er, men jeg veldig, veldig takknemlig for å få lov til å delta og observere.
Vi har vært på flere stemmesteder, og det er det samme over alt. Folk begynte å stille opp i kø i går kveld. Alle vil stemme i dag, selv om stemmegivningen skal pågå i fem dager. Det er i dag det skjer.
Tenk tilbake til Norge i 1905 og avstemmingen om hvorvidt vi skulle oppløse unionen med Sverige. Noen få hundre stemte i mot, men bare menn over 25 med eiendom fikk stemme. Her kommer unge, gamle, kvinner og menn. Handikappede på ombygde sykler som rullestol blir hjulpet frem av bemanningen ved stemmestedene. Det er magisk. Jeg har ikke ord, bortsett fra dette: Free at last, free at last.
søndag 9. januar 2011
torsdag 6. januar 2011
Ta ei avgjerd
Det har ei tid vore, til tider heftige, diskusjonar rundt sjukehusa våre. Kor skal dei vere lokalisert? Kor mange og store/små skal dei vere? Mange føler lokalsamfunnet truga ved nedlegging av heile sjukehus eller enkelte avdelingar.
Kva dreier dette seg om? Jo, kva kvalitet skal me ha på helsetenestane og kva er me villige til å betale for dette?
Fagmiljøa talar for større einingar der det kan bli eit fagmiljø med mange personar med liknande kompetanse. Dei meiner dette vil gje eit høgare nivå på tenesta dei kan by pasientane. Vakthald og arbeidstid på ugunstige tider vil bli delt mellom fleire slik at byrden for den enkelte vert mindre.
Lokalt er folk redde for lengre reisetid for å få nødvendig hjelp og å miste arbeidsplassar. Kva er viktigast? Reisetid eller kvaliteten på hjelpa? I akutte situasjonar er det stabiliseringa som vert utført av ambulansepersonell og lokal doktor som oftast er avgjerande. Etter dette vil nokre minutt frå eller til spele liten rolle for utfallet. Ei godt utbygd ambulanseteneste med lege vil etter dette vera viktigare enn avstanden til sjukehuset. Med helikopter, gode båtar og eit godt utbygd vegnett vil transporttida kunne bli akseptabel nesten utan omsyn til kvar sjukehuset er plassert.
For planlagte undersøkingar hjå spesialist kan dette med reisetid løysast etter ein modell som vert brukt i Hallingdal. Ringerike sykehus på Hønefoss sender regelmessig spesialistar til Hallingdal Sjukestugu på Ål (160 km ein veg). Pasientar med bustadadresse i Hallingdal kan då møte på Ål for konsultasjon og gjennomføring av enkle inngrep. På dette viset har fagpersonane eit fagmiljø å halde seg til i det daglege, medan pasientane får ei akseptabel reisetid til spesialist.
Akuttmedisinsk er det i hovudsak å halde seg til Oslo eller Drammen. Dette er lang veg når tida er knapp (over 200 km ein veg frå Ål), men lokalt stasjonert legehelikopter kortar ned reisetida når det hastar og gjer transporten meir skånsam når det nødvendig.
Kva så med det økonomiske? Veit ikkje, men eg vil tru at mange sjukehus vil koste meir enn få ved at spesialutstyr og -rom får mindre brukstid. La mindre sjukestover og sjukeheimar ta seg av rehabilitering etter skade og sjukdom. Då vil ein kunne halde nokre arbeidsplassar som krev høgare kompetanse ute i distrikta.
Finst det politikarar som er modige nok til å ta eit slikt standpunkt og å marknadsføre dette? Fortel kvifor det vel som de gjer i staden for å kome med svada.

lørdag 13. februar 2010
Debatt ...
... forankra i partiprogrammet skal vera ynsket til Dagfinn Høybråten (ifølgje VG.no). Eg har alltid trudd at ein debatt om politikk er ein debatt om innhaldet i partiprogrammet. Partiet har vel ein føremålsparagraf eller noko tilsvarande, som fortel noko om verdiane politikken skal kvile på. Ut frå dette må drøftingane skje. Desse drøftingane vil i neste runde legge grunnlaget for innhaldet i programmet. Programmet seier noko om kva politikk partiet vil følgje fram til ei endring eventuell finn stad.
Partiprogammet er ikkje statisk og eintydig for all framtid. Dette skal fange opp endringar i samfunnet og fortelje kva standpunkt partiet har i saka frå no. Dette kan vera noko anna enn det var fram til vedtaket. Partiets tillitsvalde og representantar er bunde av programmet i den tydinga at dei må stø seg på dette i aktuelle saker som vert handsama. Det alle har plikt til er å delta i ein debatt om framtida. Korleis skal me halde oss til dette vidare framover.
Å kneble Inger Lise Hansen er å kneble all framtidsretta debatt i partiet. Er det dette som er ynskjet til fleirtalet i partiet trur eg partiet må rekne med lågare oppslutnad i framtide en det dei har no.

tirsdag 9. februar 2010
Krf-leiinga ...
... ber om at organisasjonen startar ein brei debatt for å prøve å auke tilslutninga til partiet. Kva kan gjerast? Det vil ikkje eg ha meiningar om. Men for ein utanforståande verkar det rart at den som vågar å tenkje nytt vert truga med utkasting. Var det ikkje det bodskapet var? Nytenking? Redusert oppslutning kjem vel som eit resultat av den politikken partiet har vald til no. Ved å be inn til drøfting om politikken må det vel ligge ei erkjenning om at det må til noko nytt. Då må ein også vera villig til å ta diskusjonen om vegen vidare sjølv om det inneber ein større eller mindre kursendring. Ein måte å få til ei slik kursendring på er å sette saker på hovudet og tvinge folk til å finne gode argument for dei ulike kursane.
Dette kan gi eit god resultat dersom det vert diskusert sak og ikkje person. Persondiskusjonane kan ein ta når kursen er lagt og ein skal finne dei som kan leie arbeidet langs den nye vegen.
Det vert ein dårleg diskusjon når alle er enig med forge talar. Lite endring vert det og.

søndag 17. januar 2010
Å drive næring ...
... fører med seg at du må ta mange avgjerder. Mellom anna om korleis du skal bruke pengane du tener. Kor mykje skal du nytte til marknadsføring og på kva måte er det berre du sjølv som kan bestemme. Mange vil prøve å gi deg råd. Råd som ofte går ut på at du må bruke rådgjevaren sin kanal. Etter omkring 20 år som sjølvstendig næringsdrivande har eg merka ei endring i kanaltilbodet, men resultataet er som tidlegare. Nokre ynskjer hand om pengane eg har tent. Her er dei reglane eg har laga for meg sjølv:
Alle avtaler skal vera skriftleg. Selgaren kan ha bytta jobb innan eg treng å få avklara det eg er uenig i. Har det gått ei tid kan det vera vanskeleg å hugse alle detaljar rett.
Kjem det noko som liknar på faktura og eg er usikker på om denne er rett, ber eg om stadfesting på bestilinga mi. Det same gjer eg om eg veit at den er feil. Det er avsendar som må dokumentere at fakturaen er rett.
Nokre kanalar er bygd opp slik at eg teiknar annonseplass for eitt år, med automatisk fornying dersom avtala ikkje vert sagt opp i god tid før gjeldande avtale går ut. Her er det fort gjort å bli fanga fordi eg ikkje høyrer frå firmaet før eg får faktura for ny periode og då er det for seint å seie den opp. Går eg inn på denne type avtale, men er litt usikker på om det er lurt å fortsette, sender eg oppseiinga like etter at avtala er underteikna. Eg kjem garantert til å høyre frå firmaet før avtala går ut med oppmoding om fornying.
Sørg for at all kommunikasjon kan dokumenterast skriftleg. Klag via e-post (skan gjerne mottatte dokument som vedlegg) eller telefax.
Det siste eg opplevde var ein e-post frå eit firma som ynskjer at eg skal betale eit beløp pr månad for at dei skal gi meg tips om kven eg skal passe meg for. Eg er lurt før og er ikkje lett å lure på dette. Her passar eg best på sjølv.
Før du teiknar avtale med firma som sel informasjon om betalingsmerknader bør du tenkje deg om. Kor godt kjenner du marknaden din? Det tek tid før eit firma eller ein person er registrert med betalingsmerknader. Kor mykje rekk du å selge fram til dette?

tirsdag 5. januar 2010
Sjukefråværet ...
... må ned. Haldningane til fråvær skil seg nok mellom arbeidsplassar. Eg har høyrt om stader der arbeidstakarane ser på eigenmeldingane som ein del av dei fridagane dei har rett på. Her er det ikkje snakk om sjukdom eller ikkje, men fridagar betalt av arbeidsgjevar. Spørsmålet er ikkje "Er eg frisk nok til å gå på arbeid?", det er knapt nok "Er eg sjuk nok til å vera heime?"
Om ein ikkje føler seg i form, men vurderar å gå på arbeid er det eit par spørsmål som bør stillast:
Haldningar som ikkje berre speglar sjukefråvær, men meiningar og handlingar til mykje i samfunnet. Å endre haldningar er alt anna enn lett. Denne kampen må foregå på mange frontar over lang tid.

- Klarar eg å yte såpass at eg bidreg med noko positivt? Risikerar eg å gå med redusert kapasitet fleire dagar? Vil ein dag heime gjere at eg kan yte for fullt att neste dag?
- Risikerar eg å smitte kollegaer? Kanskje det er betre at eg tek ein dag eller to heime i staden for at fleire skal bli borte eit par dagar seinare.
Haldningar som ikkje berre speglar sjukefråvær, men meiningar og handlingar til mykje i samfunnet. Å endre haldningar er alt anna enn lett. Denne kampen må foregå på mange frontar over lang tid.
onsdag 30. desember 2009
Nyttårsforsett
Jo nærare årsskiftet me kjem dukkar, stadig oftare, spørsmål om kva som er våre nyttårsforsett opp. Kvifor skal me ha nyttårsforsett? Dette er vel noko som skal gjera oss til eit betre menneske. Enten for oss sjølve og/eller for samfunnet rundt oss. Kanskje me bør legge om ein del vanar for å bidra til eit betre klima?
Å ville endre seg kan vera positivt, men kva om ynsket dukkar opp i mars? Då kan det vel ikkje kallast eit nyttårsforsett? Skal ein då vente i nærare eit år før ein gjer noko? Nei, gode forsett kan og bør setjast ut i livet så snart det let seg gjera. Det er ingen grunn til å vente.
Treng me årsskiftet for å få eit lite spark bak for å setje i verk gode tankar? Slike forsett trur eg i hovudsak er til for å kome i møte med folk rundt oss. Dette er neppe verkeleg seriøse meiningar som hovudpersonen verkeleg vil gå inn for å gjennomføre. Er det noko du verkeleg vil betre ved din eigen livsstil er det berre å gå i gang, jo før, jo heller.
Til alle som no seier: "Eg skal prøve å slutte å røyke."
1. Seier du dette fordi du sjølv ynskjer det eller fordi folk rundt deg ventar at du skal si det?
2. Meiner du det?
3. "... prøve å slutte ...": Her har du tapt før du startar.
Meiner du det seriøst seier du "Eg skal slutte å røyke". Eg trur også at det vil vera betre å velje ein annan dato enn 01.01. Denne datoen legg til eit ekstra press som ikkje er heldig når du skal gjennom ei vanskeleg periode. Forsett ein flaggar denne datoen er det aksept for å bryte. Om du ikkje seier så høgt at det no er slutt trur eg du har større sjanse for å lykkast.

Abonner på:
Innlegg (Atom)