søndag 17. januar 2010

Å drive næring ...

... fører med seg at du må ta mange avgjerder. Mellom anna om korleis du skal bruke pengane du tener. Kor mykje skal du nytte til marknadsføring og på kva måte er det berre du sjølv som kan bestemme. Mange vil prøve å gi deg råd. Råd som ofte går ut på at du må bruke rådgjevaren sin kanal. Etter omkring 20 år som sjølvstendig næringsdrivande har eg merka ei endring i kanaltilbodet, men resultataet er som tidlegare. Nokre ynskjer hand om pengane eg har tent. Her er dei reglane eg har laga for meg sjølv:

Alle avtaler skal vera skriftleg. Selgaren kan ha bytta jobb innan eg treng å få avklara det eg er uenig i. Har det gått ei tid kan det vera vanskeleg å hugse alle detaljar rett.

Kjem det noko som liknar på faktura og eg er usikker på om denne er rett, ber eg om stadfesting på bestilinga mi. Det same gjer eg om eg veit at den er feil. Det er avsendar som må dokumentere at fakturaen er rett.

Nokre kanalar er bygd opp slik at eg teiknar annonseplass for eitt år, med automatisk fornying dersom avtala ikkje vert sagt opp i god tid før gjeldande avtale går ut. Her er det fort gjort å bli fanga fordi eg ikkje høyrer frå firmaet før eg får faktura for ny periode og då er det for seint å seie den opp. Går eg inn på denne type avtale, men er litt usikker på om det er lurt å fortsette, sender eg oppseiinga like etter at avtala er underteikna. Eg kjem garantert til å høyre frå firmaet før avtala går ut med oppmoding om fornying.

Sørg for at all kommunikasjon kan dokumenterast skriftleg. Klag via e-post (skan gjerne mottatte dokument som vedlegg) eller telefax. 

Det siste eg opplevde var ein e-post frå eit firma som ynskjer at eg skal betale eit beløp pr månad for at dei skal gi meg tips om kven eg skal passe meg for. Eg er lurt før og er ikkje lett å lure på dette. Her passar eg best på sjølv.

Før du teiknar avtale med firma som sel informasjon om betalingsmerknader bør du tenkje deg om. Kor godt kjenner du marknaden din? Det tek tid før eit firma eller ein person er registrert med betalingsmerknader. Kor mykje rekk du å selge fram til dette?

tirsdag 5. januar 2010

Sjukefråværet ...

... må ned. Haldningane til fråvær skil seg nok mellom arbeidsplassar. Eg har høyrt om stader der arbeidstakarane ser på eigenmeldingane som ein del av dei fridagane dei har rett på. Her er det ikkje snakk om sjukdom eller ikkje, men fridagar betalt av arbeidsgjevar. Spørsmålet er ikkje "Er eg frisk nok til å gå på arbeid?", det er knapt nok "Er eg sjuk nok til å vera heime?"

Om ein ikkje føler seg i form, men vurderar å gå på arbeid er det eit par spørsmål som bør stillast:
  • Klarar eg å yte såpass at eg bidreg med noko positivt? Risikerar eg å gå med redusert kapasitet fleire dagar? Vil ein dag heime gjere at eg kan yte for fullt att neste dag?
  • Risikerar eg å smitte kollegaer? Kanskje det er betre at eg tek ein dag eller to heime i staden for at fleire skal bli borte eit par dagar seinare.
Det store fleirtalet av oss yrkesaktive har ei god haldning til fråvær. Som i mange andre saker er det dei få som øydelegg for fleirtalet. Kven står i sentrum? Eg eller andre? Kor tette skott er det mellom meg og dei andre? Det er snakk om haldningar.

Haldningar som ikkje berre speglar sjukefråvær, men meiningar og handlingar til mykje i samfunnet. Å endre haldningar er alt anna enn lett. Denne kampen må foregå på mange frontar over lang tid.