lørdag 13. februar 2010

Debatt ...

... forankra i partiprogrammet skal vera ynsket til Dagfinn Høybråten (ifølgje VG.no). Eg har alltid trudd at ein debatt om politikk er ein debatt om innhaldet i partiprogrammet. Partiet har vel ein føremålsparagraf eller noko tilsvarande, som fortel noko om verdiane politikken skal kvile på. Ut frå dette må drøftingane skje. Desse drøftingane vil i neste runde legge grunnlaget for innhaldet i programmet. Programmet seier noko om kva politikk partiet vil følgje fram til ei endring eventuell finn stad.
Partiprogammet er ikkje statisk og eintydig for all framtid. Dette skal fange opp endringar i samfunnet og fortelje kva standpunkt partiet har i saka frå no. Dette kan vera noko anna enn det var fram til vedtaket. Partiets tillitsvalde og representantar er bunde av programmet i den tydinga at dei må stø seg på dette i aktuelle saker som vert handsama. Det alle har plikt til er å delta i ein debatt om framtida. Korleis skal me halde oss til dette vidare framover.
Å kneble Inger Lise Hansen er å kneble all framtidsretta debatt i partiet. Er det dette som er ynskjet til fleirtalet i partiet trur eg partiet må rekne med lågare oppslutnad i framtide en det dei har no.

tirsdag 9. februar 2010

Krf-leiinga ...

... ber om at organisasjonen startar ein brei debatt for å prøve å auke tilslutninga til partiet. Kva kan gjerast? Det vil ikkje eg ha meiningar om. Men for ein utanforståande verkar det rart at den som vågar å tenkje nytt vert truga med utkasting. Var det ikkje det bodskapet var? Nytenking? Redusert oppslutning kjem vel som eit resultat av den politikken partiet har vald til no. Ved å be inn til drøfting om politikken må det vel ligge ei erkjenning om at det må til noko nytt. Då må ein også vera villig til å ta diskusjonen om vegen vidare sjølv om det inneber ein større eller mindre kursendring. Ein måte å få til ei slik kursendring på er å sette saker på hovudet og tvinge folk til å finne gode argument for dei ulike kursane.
Dette kan gi eit god resultat dersom det vert diskusert sak og ikkje person. Persondiskusjonane kan ein ta når kursen er lagt og ein skal finne dei som kan leie arbeidet langs den nye vegen.

Det vert ein dårleg diskusjon når alle er enig med forge talar. Lite endring vert det og.