onsdag 30. desember 2009

Nyttårsforsett

Jo nærare årsskiftet me kjem dukkar, stadig oftare, spørsmål om kva som er våre nyttårsforsett opp. Kvifor skal me ha nyttårsforsett? Dette er vel noko som skal gjera oss til eit betre menneske. Enten for oss sjølve og/eller for samfunnet rundt oss. Kanskje me bør legge om ein del vanar for å bidra til eit betre klima?
Å ville endre seg kan vera positivt, men kva om ynsket dukkar opp i mars? Då kan det vel ikkje kallast eit nyttårsforsett? Skal ein då vente i nærare eit år før ein gjer noko? Nei, gode forsett kan og bør setjast ut i livet så snart det let seg gjera. Det er ingen grunn til å vente.
Treng me årsskiftet for å få eit lite spark bak for å setje i verk gode tankar? Slike forsett trur eg i hovudsak er til for å kome i møte med folk rundt oss. Dette er neppe verkeleg seriøse meiningar som hovudpersonen verkeleg vil gå inn for å gjennomføre. Er det noko du verkeleg vil betre ved din eigen livsstil er det berre å gå i gang, jo før, jo heller.

Til alle som no seier: "Eg skal prøve å slutte å røyke."
1. Seier du dette fordi du sjølv ynskjer det eller fordi folk rundt deg ventar at du skal si det?
2. Meiner du det?
3. "... prøve å slutte ...": Her har du tapt før du startar.

Meiner du det seriøst seier du "Eg skal slutte å røyke". Eg trur også at det vil vera betre å velje ein annan dato enn 01.01. Denne datoen legg til eit ekstra press som ikkje er heldig når du skal gjennom ei vanskeleg periode. Forsett ein flaggar denne datoen er det aksept for å bryte. Om du ikkje seier så høgt at det no er slutt trur eg du har større sjanse for å lykkast.

søndag 13. desember 2009

Skriftspråket

Kva ynskjer eg å oppnå ved å skrive? Er det ikkje for at andre skal få ta del i tankane og meiningane mine? Korleis skal eg kunne oppnå dette?

Eg må velge eit språk som lesarane kan. Jo fleire eg ynskjer at skal lese, jo større krav vert det stilt til kva språk eg skal velge. Den andre sida av valet er at eg må kunne språket så godt at eg får fram meininga mi.

Eit godt skriftspråk
- er lett å lese.
- gir lite rom for mistolking.


I dag er det mange som prøver seg på å skrive det dei meiner er dialekt. Kvifor? Det vert færre som klarar lese og forstå det som vert skrive.

Dialekt er eit talemål. Det er eit språk som vert nytta munnleg. I munnleg framføring er uttale og tonefall viktig for å få fram tydinga. Dette er element som ikkje kan overførast til skrift. Det er ingen vedteken rettskriving slik at det vert opp til den einskilde å vurdere skrivemåte. Mange ord vert vanskelege å lese og ikkje minst å forstå. Det er mest så ein må kjenne dialekta så godt at ein kan lese teksten høgt.

Me har i dag to skriftpråk med norsk språkdrakt, bokmål og nynorsk. For meg er det naturleg å velge nynorsk i skrift då det er dette skriftspråket som ligg nærast dialekta mi. Dialekta er reservert til munnleg framføring.

mandag 7. desember 2009

Nynorsk ...

... er eit konstruert språk. Ja, alle skriftspråk er det, utan omsyn til om me snakkar om nynorsk, bokmål eller andre skriftspråk. All skrift er konstruert med utgangspunkt i talemålet. Når skriftspråket kom til Norge var dette, i stor grad, saman med embedsfolk som var utdanna i Danmark. Skrifta og talemålet til overklassa hadde såleis sterkt preg av dansk. Etter kvart endra dette seg i retning det norske talemålet og har så langt kome fram til bokmål. På 1800-talet voks det fram eit ynskje om eit skriftspråk endå meir lik det norske talemålet. Ivar Aasen var ein av dei som farta rundt i landet og samla ord og andre kjenneteikn på dei norske dialektene. Dette har ført fram til det me i dag kjenner som nynorsk.

Ta vare på norsk kultur og tradisjon. Bruk nynorsk som DITT skriftspråk.

fredag 4. desember 2009

Høgfartsbane

Kva skal me med høgfarts jernbane? I samanlikninga mellom fly og tog er det eit moment me sjeldan høyrer nemnt. Med tog kan ein gå på og av mellom endestasjonane, om det stoppar. NSB har dei siste 40 - 50 åra vore flinke til å legge ned stasjonar og avgrense talet på stopp toget gjer. Korleis kan nokon undre seg over endring i reisemønsteret? Det er verken lov eller mogeleg å gå på eller av toget utanom dei faste stoppestadene.

La pengane til jernbane gå til vedlikehald og utbetringar av dagens jernbane. Bygg fleire kryssingsspor. Gjer det mogeleg for dei som bur utanfor dei største byområda å nytte tog til og frå. Slik det er no vert det enklare å nytte privatbilen.