onsdag 30. desember 2009

Nyttårsforsett

Jo nærare årsskiftet me kjem dukkar, stadig oftare, spørsmål om kva som er våre nyttårsforsett opp. Kvifor skal me ha nyttårsforsett? Dette er vel noko som skal gjera oss til eit betre menneske. Enten for oss sjølve og/eller for samfunnet rundt oss. Kanskje me bør legge om ein del vanar for å bidra til eit betre klima?
Å ville endre seg kan vera positivt, men kva om ynsket dukkar opp i mars? Då kan det vel ikkje kallast eit nyttårsforsett? Skal ein då vente i nærare eit år før ein gjer noko? Nei, gode forsett kan og bør setjast ut i livet så snart det let seg gjera. Det er ingen grunn til å vente.
Treng me årsskiftet for å få eit lite spark bak for å setje i verk gode tankar? Slike forsett trur eg i hovudsak er til for å kome i møte med folk rundt oss. Dette er neppe verkeleg seriøse meiningar som hovudpersonen verkeleg vil gå inn for å gjennomføre. Er det noko du verkeleg vil betre ved din eigen livsstil er det berre å gå i gang, jo før, jo heller.

Til alle som no seier: "Eg skal prøve å slutte å røyke."
1. Seier du dette fordi du sjølv ynskjer det eller fordi folk rundt deg ventar at du skal si det?
2. Meiner du det?
3. "... prøve å slutte ...": Her har du tapt før du startar.

Meiner du det seriøst seier du "Eg skal slutte å røyke". Eg trur også at det vil vera betre å velje ein annan dato enn 01.01. Denne datoen legg til eit ekstra press som ikkje er heldig når du skal gjennom ei vanskeleg periode. Forsett ein flaggar denne datoen er det aksept for å bryte. Om du ikkje seier så høgt at det no er slutt trur eg du har større sjanse for å lykkast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar