lørdag 13. februar 2010

Debatt ...

... forankra i partiprogrammet skal vera ynsket til Dagfinn Høybråten (ifølgje VG.no). Eg har alltid trudd at ein debatt om politikk er ein debatt om innhaldet i partiprogrammet. Partiet har vel ein føremålsparagraf eller noko tilsvarande, som fortel noko om verdiane politikken skal kvile på. Ut frå dette må drøftingane skje. Desse drøftingane vil i neste runde legge grunnlaget for innhaldet i programmet. Programmet seier noko om kva politikk partiet vil følgje fram til ei endring eventuell finn stad.
Partiprogammet er ikkje statisk og eintydig for all framtid. Dette skal fange opp endringar i samfunnet og fortelje kva standpunkt partiet har i saka frå no. Dette kan vera noko anna enn det var fram til vedtaket. Partiets tillitsvalde og representantar er bunde av programmet i den tydinga at dei må stø seg på dette i aktuelle saker som vert handsama. Det alle har plikt til er å delta i ein debatt om framtida. Korleis skal me halde oss til dette vidare framover.
Å kneble Inger Lise Hansen er å kneble all framtidsretta debatt i partiet. Er det dette som er ynskjet til fleirtalet i partiet trur eg partiet må rekne med lågare oppslutnad i framtide en det dei har no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar